onsdag 4. desember 2013

Livshjulet og Gustav Vigeland

Hallo! No skal eg skrive om ein av skulpturane til Gustav Vigeland, og litt om mannen sjølv.

Livshjulet er ein skulptur i bronse som består av fire vaksne og tre born som dannar ein slags svevande sirkel. Skulpturen blei modellert i leire i 1933 og 1934. I 1949 blei den støypt i gips. Denne skulpturen oppsummerer parkens hovudtema, og symboliserer evigheita. Parkens tema er altså forholdet mellom mennesker i ulik alder, frå fødsel til død og ulike stadier i livet. Vigeland skal sjølv ha vore veldig fornøyd med denne skulpturen, og meinte at han aldri hadde vore så dyktig før.


Gustav Vigeland blei fødd 11. april 1869 i Mandal, og døydde 12. mars 1943. Han døydde brått av hjartesvikt. Han blei 74 år gammal. Gustav Vigeland var ein norsk biletkunstnar og treskjærar. Han er aller mest kjend for Vigelandsparken i Oslo, som er ein skulpturpark og Oslos store turistattraksjon. Han har også vore med på å arbeide med Nidarosdomen. Han har blandt anna laga døypefonten i kjørka.

fredag 22. november 2013

Forteljarstol og bok

Hei! Som eg har nemnt i eit anna innlegg, så har eg laga ein miniatyrstol og eit bokomslag som høyrer til første del av "Kvifor mine auge er annleis"-historia. Stolen trong absolutt ikkje å vere perfekt, og det skulle vere ein stol som ingen hadde laga før. Slik laga eg stolen:

Først klippa eg ut ein stor runding av papir som mal, så klippa ut rundingen av hønsenetting:

















Eg fann ein ball og forma nettingen rundt ballen:

















Så fant eg ut at den idèen ikkje var ein så god idè likevel, så eg snurra masse trå rundt ein ballong med lim og lot den tørke:

















Slik såg den ut etter at eg stakk hol på ballongen:

















Eg klipte ut eit hol, sidan det skulle bli til ein stol. Så gipsa eg forma:

















Eg maskerte forma og byrja å male:

















Mens malinga tørka, laga eg enda ein ballong på same måte som tidligare:

















Denne gongen blei ballongen til ei støtte som stolen skulle stå på. Dette blei stolens "bein":

















Eg sydde også to puter til å ha i stolen, men endte opp med å berre bruke den eine:

















Eg limte saman "stolbeina" til stolen, putta masse bomull oppi stolen, kledde stolen med svart tøy og tok puta oppi. Slik blei det endelege resultatet:








(Litt dårleg bilete, men men...)








Når det gjeld boka mi, blei den sjåande sånn ut:





















Her er baksida:





















Det var ikkje meininga at stolen skulle sjå så fin og perfekt ut, men at den skulle ha ein samanheng med boka, sjølv ville eg aldri hatt den stolen i mitt hus.

-Anneli

fredag 15. november 2013

Stilleben

I kunst og formkultur har vi malt stilleben av frukt. Det vil sei at vi stilte opp frukt framfor oss på ein spesiell måte, og så malte vi det vi såg. Tidligare har vi prøvd å teikne stilleben, så dette er første gong vi prøver å male.






















Dette blei resultatet av mitt stilleben.

fredag 8. november 2013

Kvifor mine auge er annleis (del 1)

I dette blogginnlegget skal eg leggje ut første del av ei novelle eg har skrive som ei oppgåve i design og arkitektur. Oppgåva gjekk ut på at vi skulle skrive ei historie ut frå eit bokomslag vi har laga. Vi skulle også lage ein miniatyrstol, som skulle vere ein forteljarstol til boka. Korleis eg laga boka og stolen kjem eg til å skrive om i eit anna innlegg.

Eg sat i den gode, gamle, raude skinnsofaen til mormor og morfar for berre eit par dagar sidan. Eg såg på bileter i fotoalbum. Barndommen min var full av både gode og morosame minner. Eg såg på det eine bilete etter det andre. Eg som unge hadde eit like stort smil om munnen på alle bileta. Eg såg på bileter av meg som var på tivoli, meg som sat på skuldrene til morfar, og meg som var på badeland. Alltid like fornøyd og glad. Lillebroren min var med på mange av bileta han også. Han er fem år yngre enn meg. I dag er eg tjue og han er femten. Eg meinar at vi alltid har hatt eit veldig godt forhold til kvarandre, sjølv om vi er veldig ulike. Eg tenkjer at det er normalt. Altså å vere så forskjellige sjølv om vi er sysken. Eg har alltid lurt på kvifor eg har brune auge mens alle andre i familien har anten blå eller grøne. Svaret eg alltid fekk på det spørsmålet, var at vi hadde brune auge langt ute i slekta.

Eg studerte alle sine auge i fotoalbuma. Ingen brune. Det må verkeleg vere langt ute i slekta, tenkte eg og la frå meg fotoalbum nummer fem. Det siste fotoalbumet var babyalbumet mitt som eg merkeleg nok ikkje hadde sett før. Eg tenkte at det kunne eg sjå i ein annan dag, sidan eg var så trøytt. Den kvelden dro eg heim til foreldra mine. Eg visste at eg hadde jobb dagen etter, og helst skulle vore i hybelen min. Men det var blitt ei stund sidan eg hadde sett dei, så eg tok sjansen på å få overnatte der. Det var sjølvsagt greit, og dei var kjempeglade for å sjå meg. Foreldra mine har alltid vore så glade og omsorgsfulle når det gjeld meg og bror min. Som barn fekk vi alltid det vi ønska oss, men merkeleg nok klarte de å oppdra oss til å ikkje bli særleg kravstore. Lillebror min var også glad for å sjå meg. Eg så på han at han syns det var litt dumt at eg flytta ut. Eg syns også det var dumt, men er glad for at jeg gjorde det. Ein må jo bli sjølvtendig ein eller annan gong i livet. Dessutan bur vi ikkje så veldig langt unna kvarandre, så det går bra.


Rundt middagsbordet neste dag var det ikkje stille. Alle skravla om alt mogleg som hadde skjedd den siste tida. Eg fortalte at eg hadde vore på besøk hos mormor og morfar. Og at eg hadde sett i gamle fotoalbum. Ansiktet til mor stivna til. Hun spurde kva fotoalbum eg såg i. Eg sa at eg hadde sett i dei som var der, dei med slektningane våre i. Det såg ut som om mor blei letta, og ho fortsatte å spise. Eg syns det var merkelig korleis ho reagerte. Eg spurde om det var noko spesielt, men ho berre rista på hovudet og stirra ned i tallerken sin mens ho åt. Etter det ble det stille rundt bordet. Etter ei lita stund spurde bror min om eg ville bli med ut og spille fotball med han etter mat. Eg lo litt fordi han visste at eg hata fotball, men sa ja for å glede han.

tirsdag 22. oktober 2013

Turen til Eidfjord

Hei!
Frå 11.-14. september reiste klassen på tur til Eidfjord ilag med TAF1. Vi fikk opplevde mykje på turen. Eg tok ein del bilder med ipoden, så det er absolutt ikkje noko bra kvalitet på dei. Men, men... Eg bruker berre dei eg har likevel.

Første dagen så stoppa vi på ein kai for å spise lunsj.









-Utsikta frå kaien. Vêret var heilt nydeleg på heile turen.








Vi fikk gå inn i eit vasskraftverk, som var eit stykke inne i fjellet.








-Vi fikk refleksvestar og hjelmar for sikkeheits skuld!
















-Dette er ein stor turbin som var inne i kraftverket.








Neste dag gjekk vi på ein morgontur på den nye Hardangerbrua.









-Her ser du brua frå avstand.







Mykje av tida var vi på eit natursenter der vi jobba med ei naturfagoppgåve.







-Det var veldig mange utstoppa dyr på natursenteret. Her er eit lemen.








Vi besøkte også Vøringsfossen:

















Etter vi besøkte Vøringsfossen, reiste vi vidare oppover vidda, til Sysendammen. Sysendammen var ein skikkelig flott steinfyllingsdam! Det var så fint der at det frista å bade i det blå vatnet, men det hadde vel vore litt kaldt...

















Elisabeth likte òg sysendammen.. mehehe
Det blei litt kjedelig å berre sjå på naturen i lengda, så Elisabeth og eg fant på noko betre å gjere.
Wohoooo!

Vi gjekk òg på ein fjelltur oppe på Hardangervidda. Det var ganske kaldt sidan det blåste, men ellers var det ein ganske fin tur.
Neste dag var vi også på ein fjelltur, men denne fjellturen var mykje brattare og meir slitsom enn den vi hadde dagen før. Vi gjekk nemleg til Kjeåsen.








-Skal ikkje klage på utsikta hvertfall!








Etter denne slitsame turen reiste vi heim. 

Heile denne turen til Eidfjord har vore ganske grei, og eg er veldig glad for at Elisabeth var den eg sov på rom med. Eg trur ikkje turen hadde vore like kjekk utan ho! (http://ellieraimo.blogspot.no/)  
Elisabeth og eg fikk ein koseleg plass å bu som kan minnast om ei lita hytte. Noko som var ganske morosamt med rommet vi budde i, var at doen bråka heilt forfedelig...
Ein ting eg kjem til å hugse, var at vi sov med soveposer oppi senga. Det var ganske spesielt! Hahah.. og sjølvsagt dei lange nettene med prating.


~


torsdag 17. oktober 2013

Edvard Munch

Hei! No jobbar vi med Edvard Munch. Klassen reiste til eit kunstmuseum i Bergen 26. september og såg på mange av maleria hans, difor skal eg skrive litt om han no.

Edvard Munch blei født 12. desember 1863 på Engelhaug i Løten kommune. Edvard Munch var i ein søskenflokk på fem; Sofie, Andreas, Inger og Laura. Sofie døydde berre 15 år gammal, og Andreas døydde 30 år gammal.
I 1864 flyttar familien Munch til Kristiania, og berre fire år etter døydde mora av luberkolose. 

1880 byrjar Munch å studere teikning og maleri etter å ha gått på Teknisk skule i eitt år.
Munch held sin første kunstutstilling i 1883.
I perioden framover maler Munch mykje forskjellig, og det går ganske greit, men i 1902 skyt han seg sjølv i si venstre hand på grunn av depresjon. Dagen etter hendelsen oppsøk han Rikshospitalet. Då han skulle operere valgte han å bruke kokain i staden for narkose, slik at han kunne følgje med på operasjonen.
Etter det fortsett han å male og ha utstillingar. I 1905-1907 har han ei stor utstilling i Praha. I 1908 får han eit nervesamanbrot og innleggjast på Dr. Jacobsens klinikk i eit halvt år.
Munch kjøper Ekely utanfor Oslo i 1916, det blir det siste han kjøper. Han fortsett med å ha utstillingar fram til 1943, då han vert sengeliggjande med bronkitt. Edvard Munch kjem seg aldri på beina igjen, og sovnar stille inn 23. januar då han fikk ein kraftig forkjølelse.
Kunsten til Edvard Munch er svært prega av korleis han hadde det personleg.

Eg har valt biletet Kvinnen som er malt i 1894. Eg valte dette biletet fordi eg syns det visar ganske godt ein heil historie berre ein ser litt etter. I dette biletet ser vi ei kvitkledd kvinne med eit draumande blikk ut mot havet. Det ser ut som ho er ung og uskuldig. I midten ser vi ei heilt anna kvinne som ser ut som ho er i den beste fasen av livet og nyter det. Mens bak ho ser vi ei nesten usynleg kvinne i svart. Det ser ut som ho er ved livets slutt. Heilt til høgre i biletet står det ein mann som ser ut som han sørger.
Eg trur at alle kvinnene er knytta til kvarandre, og at dei tre kanskje er den same personen i forskjellige fasar i livet. Kanskje kvinna er knytta til og betydde noko for mannen til i biletet?