fredag 22. november 2013

Forteljarstol og bok

Hei! Som eg har nemnt i eit anna innlegg, så har eg laga ein miniatyrstol og eit bokomslag som høyrer til første del av "Kvifor mine auge er annleis"-historia. Stolen trong absolutt ikkje å vere perfekt, og det skulle vere ein stol som ingen hadde laga før. Slik laga eg stolen:

Først klippa eg ut ein stor runding av papir som mal, så klippa ut rundingen av hønsenetting:

















Eg fann ein ball og forma nettingen rundt ballen:

















Så fant eg ut at den idèen ikkje var ein så god idè likevel, så eg snurra masse trå rundt ein ballong med lim og lot den tørke:

















Slik såg den ut etter at eg stakk hol på ballongen:

















Eg klipte ut eit hol, sidan det skulle bli til ein stol. Så gipsa eg forma:

















Eg maskerte forma og byrja å male:

















Mens malinga tørka, laga eg enda ein ballong på same måte som tidligare:

















Denne gongen blei ballongen til ei støtte som stolen skulle stå på. Dette blei stolens "bein":

















Eg sydde også to puter til å ha i stolen, men endte opp med å berre bruke den eine:

















Eg limte saman "stolbeina" til stolen, putta masse bomull oppi stolen, kledde stolen med svart tøy og tok puta oppi. Slik blei det endelege resultatet:








(Litt dårleg bilete, men men...)








Når det gjeld boka mi, blei den sjåande sånn ut:





















Her er baksida:





















Det var ikkje meininga at stolen skulle sjå så fin og perfekt ut, men at den skulle ha ein samanheng med boka, sjølv ville eg aldri hatt den stolen i mitt hus.

-Anneli

fredag 15. november 2013

Stilleben

I kunst og formkultur har vi malt stilleben av frukt. Det vil sei at vi stilte opp frukt framfor oss på ein spesiell måte, og så malte vi det vi såg. Tidligare har vi prøvd å teikne stilleben, så dette er første gong vi prøver å male.






















Dette blei resultatet av mitt stilleben.

fredag 8. november 2013

Kvifor mine auge er annleis (del 1)

I dette blogginnlegget skal eg leggje ut første del av ei novelle eg har skrive som ei oppgåve i design og arkitektur. Oppgåva gjekk ut på at vi skulle skrive ei historie ut frå eit bokomslag vi har laga. Vi skulle også lage ein miniatyrstol, som skulle vere ein forteljarstol til boka. Korleis eg laga boka og stolen kjem eg til å skrive om i eit anna innlegg.

Eg sat i den gode, gamle, raude skinnsofaen til mormor og morfar for berre eit par dagar sidan. Eg såg på bileter i fotoalbum. Barndommen min var full av både gode og morosame minner. Eg såg på det eine bilete etter det andre. Eg som unge hadde eit like stort smil om munnen på alle bileta. Eg såg på bileter av meg som var på tivoli, meg som sat på skuldrene til morfar, og meg som var på badeland. Alltid like fornøyd og glad. Lillebroren min var med på mange av bileta han også. Han er fem år yngre enn meg. I dag er eg tjue og han er femten. Eg meinar at vi alltid har hatt eit veldig godt forhold til kvarandre, sjølv om vi er veldig ulike. Eg tenkjer at det er normalt. Altså å vere så forskjellige sjølv om vi er sysken. Eg har alltid lurt på kvifor eg har brune auge mens alle andre i familien har anten blå eller grøne. Svaret eg alltid fekk på det spørsmålet, var at vi hadde brune auge langt ute i slekta.

Eg studerte alle sine auge i fotoalbuma. Ingen brune. Det må verkeleg vere langt ute i slekta, tenkte eg og la frå meg fotoalbum nummer fem. Det siste fotoalbumet var babyalbumet mitt som eg merkeleg nok ikkje hadde sett før. Eg tenkte at det kunne eg sjå i ein annan dag, sidan eg var så trøytt. Den kvelden dro eg heim til foreldra mine. Eg visste at eg hadde jobb dagen etter, og helst skulle vore i hybelen min. Men det var blitt ei stund sidan eg hadde sett dei, så eg tok sjansen på å få overnatte der. Det var sjølvsagt greit, og dei var kjempeglade for å sjå meg. Foreldra mine har alltid vore så glade og omsorgsfulle når det gjeld meg og bror min. Som barn fekk vi alltid det vi ønska oss, men merkeleg nok klarte de å oppdra oss til å ikkje bli særleg kravstore. Lillebror min var også glad for å sjå meg. Eg så på han at han syns det var litt dumt at eg flytta ut. Eg syns også det var dumt, men er glad for at jeg gjorde det. Ein må jo bli sjølvtendig ein eller annan gong i livet. Dessutan bur vi ikkje så veldig langt unna kvarandre, så det går bra.


Rundt middagsbordet neste dag var det ikkje stille. Alle skravla om alt mogleg som hadde skjedd den siste tida. Eg fortalte at eg hadde vore på besøk hos mormor og morfar. Og at eg hadde sett i gamle fotoalbum. Ansiktet til mor stivna til. Hun spurde kva fotoalbum eg såg i. Eg sa at eg hadde sett i dei som var der, dei med slektningane våre i. Det såg ut som om mor blei letta, og ho fortsatte å spise. Eg syns det var merkelig korleis ho reagerte. Eg spurde om det var noko spesielt, men ho berre rista på hovudet og stirra ned i tallerken sin mens ho åt. Etter det ble det stille rundt bordet. Etter ei lita stund spurde bror min om eg ville bli med ut og spille fotball med han etter mat. Eg lo litt fordi han visste at eg hata fotball, men sa ja for å glede han.