No har vi jobba med mellomkrigstida, norsk kunst, norsk
arkitektur, norsk og nordisk design, og kunsthandtverk. Difor skal eg
no skrive litt om eitt av verka til den norske design og
kunsthandtverkaren Nora Gulbrandsen.
Eg har valt denne porselensmugga som vart laga i 1935.
Denne mugga har ei rund kuleform, med hank og eit nebb. Forma er
veldig funksjonell med tanke på at det er fullt mogleg å bruke den, og den verker ikkje ubehageleg å halde i heller.
Estetikken ser veldig godt utført ut. Mugga er dekorert med både
lyse og mørke grønfargar som passar godt ilag. Det er kontrastar med
både kantete og runde linjer, og likevel vert det ein god flyt i mugga.
Alt dette gjer at mugga er veldig fin og kan brukast i både gamle og moderne hus.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar