onsdag 4. juni 2014

Mi språkhistorie

Hei!
No har vi gått gjennom kapittelet Gjennom orda grip vi verda i norsk. Det gjekk ut på å lære om korleis språket vårt er blitt som det er i dag. Oppgåva vi fekk var at vi skulle lage ein Glogster med språkhistoria vår og presentere det etterpå. Ein del av oppgåva var å bli kjent med verktøyet Glogster.com.

Her er min aller første Glogster om språkhistoria mi:



torsdag 10. april 2014

Nora Gulbrandsen

No har vi jobba med mellomkrigstida, norsk kunst, norsk arkitektur, norsk og nordisk design, og kunsthandtverk. Difor skal eg no skrive litt om eitt av verka til den norske design og kunsthandtverkaren Nora Gulbrandsen.


Eg har valt denne porselensmugga som vart laga i 1935.





















Denne mugga har ei rund kuleform, med hank og eit nebb. Forma er veldig funksjonell med tanke på at det er fullt mogleg å bruke den, og den verker ikkje ubehageleg å halde i heller.

Estetikken ser veldig godt utført ut. Mugga er dekorert med både lyse og mørke grønfargar som passar godt ilag. Det er kontrastar med både kantete og runde linjer, og likevel vert det ein god flyt i mugga.
Alt dette gjer at mugga er veldig fin og kan brukast i både gamle og moderne hus.

mandag 3. februar 2014

Kong Lear

Onsdag 29. januar var klassen min i Bergen for å se teaterstykket Kong Lear av Shakespear.

Teaterstykket var veldig modernisert der vi som publikum fikk lov til å bestemme mykje av det som skulle skje. Det einaste som var fast ved stykket var replikkane. Vi fikk altså lov til å bestemme kor ting skulle stå, kva skodespelarane skulle ha på seg og kva ting dei skulle bruke undervegs i teaterstykket.

Eg synst at det var veldig vanskeleg å følgje med på alt som skjedde. For det første brukte dei eit gamaldags språk som var vanskeleg å forstå, og for det andre var det veldig rotete då det skjedde mykje på forskjellige stader på kort tid. Plutseleg skjedde det noko ein plass i rommet, og rett etterpå skjedde det noko heilt anna på andre sida av rommet. Forvirrande.

Skodespelarane var veldig flinke til å improvisere. Dei fikk tilfeldige ting inn på "scenen" og klarte å bruke dei heilt fint. Dei klarte også å tilpasse rollane sine etter kostyma dei fikk og kvar ting stod i rommet. Imponerande!

Det siste som var ganske bra med teaterstykket var at det var ganske morosamt. Dei hadde ganske morosame replikkar av og til, og dei gjorde ting som var ganske gøy å se på. For eksempel så var det to menn som hoppa og sprang rundt i rommet og dansa som ballerinaer. Det var veldig morosamt!


Eg vil gje dette teaterstykket terningkast 3/4. Grunnen til dette er at det var veldig vanskeleg å forstå kva dei sa og kva som skjedde, men det at det var morosamt gjorde at det blei mykje betre å se på. Alt i alt ei heilt grei teaterforestilling.












 Som dykk ser var "scena" ein gymsal.

onsdag 4. desember 2013

Livshjulet og Gustav Vigeland

Hallo! No skal eg skrive om ein av skulpturane til Gustav Vigeland, og litt om mannen sjølv.

Livshjulet er ein skulptur i bronse som består av fire vaksne og tre born som dannar ein slags svevande sirkel. Skulpturen blei modellert i leire i 1933 og 1934. I 1949 blei den støypt i gips. Denne skulpturen oppsummerer parkens hovudtema, og symboliserer evigheita. Parkens tema er altså forholdet mellom mennesker i ulik alder, frå fødsel til død og ulike stadier i livet. Vigeland skal sjølv ha vore veldig fornøyd med denne skulpturen, og meinte at han aldri hadde vore så dyktig før.


Gustav Vigeland blei fødd 11. april 1869 i Mandal, og døydde 12. mars 1943. Han døydde brått av hjartesvikt. Han blei 74 år gammal. Gustav Vigeland var ein norsk biletkunstnar og treskjærar. Han er aller mest kjend for Vigelandsparken i Oslo, som er ein skulpturpark og Oslos store turistattraksjon. Han har også vore med på å arbeide med Nidarosdomen. Han har blandt anna laga døypefonten i kjørka.

fredag 22. november 2013

Forteljarstol og bok

Hei! Som eg har nemnt i eit anna innlegg, så har eg laga ein miniatyrstol og eit bokomslag som høyrer til første del av "Kvifor mine auge er annleis"-historia. Stolen trong absolutt ikkje å vere perfekt, og det skulle vere ein stol som ingen hadde laga før. Slik laga eg stolen:

Først klippa eg ut ein stor runding av papir som mal, så klippa ut rundingen av hønsenetting:

















Eg fann ein ball og forma nettingen rundt ballen:

















Så fant eg ut at den idèen ikkje var ein så god idè likevel, så eg snurra masse trå rundt ein ballong med lim og lot den tørke:

















Slik såg den ut etter at eg stakk hol på ballongen:

















Eg klipte ut eit hol, sidan det skulle bli til ein stol. Så gipsa eg forma:

















Eg maskerte forma og byrja å male:

















Mens malinga tørka, laga eg enda ein ballong på same måte som tidligare:

















Denne gongen blei ballongen til ei støtte som stolen skulle stå på. Dette blei stolens "bein":

















Eg sydde også to puter til å ha i stolen, men endte opp med å berre bruke den eine:

















Eg limte saman "stolbeina" til stolen, putta masse bomull oppi stolen, kledde stolen med svart tøy og tok puta oppi. Slik blei det endelege resultatet:








(Litt dårleg bilete, men men...)








Når det gjeld boka mi, blei den sjåande sånn ut:





















Her er baksida:





















Det var ikkje meininga at stolen skulle sjå så fin og perfekt ut, men at den skulle ha ein samanheng med boka, sjølv ville eg aldri hatt den stolen i mitt hus.

-Anneli

fredag 15. november 2013

Stilleben

I kunst og formkultur har vi malt stilleben av frukt. Det vil sei at vi stilte opp frukt framfor oss på ein spesiell måte, og så malte vi det vi såg. Tidligare har vi prøvd å teikne stilleben, så dette er første gong vi prøver å male.






















Dette blei resultatet av mitt stilleben.

fredag 8. november 2013

Kvifor mine auge er annleis (del 1)

I dette blogginnlegget skal eg leggje ut første del av ei novelle eg har skrive som ei oppgåve i design og arkitektur. Oppgåva gjekk ut på at vi skulle skrive ei historie ut frå eit bokomslag vi har laga. Vi skulle også lage ein miniatyrstol, som skulle vere ein forteljarstol til boka. Korleis eg laga boka og stolen kjem eg til å skrive om i eit anna innlegg.

Eg sat i den gode, gamle, raude skinnsofaen til mormor og morfar for berre eit par dagar sidan. Eg såg på bileter i fotoalbum. Barndommen min var full av både gode og morosame minner. Eg såg på det eine bilete etter det andre. Eg som unge hadde eit like stort smil om munnen på alle bileta. Eg såg på bileter av meg som var på tivoli, meg som sat på skuldrene til morfar, og meg som var på badeland. Alltid like fornøyd og glad. Lillebroren min var med på mange av bileta han også. Han er fem år yngre enn meg. I dag er eg tjue og han er femten. Eg meinar at vi alltid har hatt eit veldig godt forhold til kvarandre, sjølv om vi er veldig ulike. Eg tenkjer at det er normalt. Altså å vere så forskjellige sjølv om vi er sysken. Eg har alltid lurt på kvifor eg har brune auge mens alle andre i familien har anten blå eller grøne. Svaret eg alltid fekk på det spørsmålet, var at vi hadde brune auge langt ute i slekta.

Eg studerte alle sine auge i fotoalbuma. Ingen brune. Det må verkeleg vere langt ute i slekta, tenkte eg og la frå meg fotoalbum nummer fem. Det siste fotoalbumet var babyalbumet mitt som eg merkeleg nok ikkje hadde sett før. Eg tenkte at det kunne eg sjå i ein annan dag, sidan eg var så trøytt. Den kvelden dro eg heim til foreldra mine. Eg visste at eg hadde jobb dagen etter, og helst skulle vore i hybelen min. Men det var blitt ei stund sidan eg hadde sett dei, så eg tok sjansen på å få overnatte der. Det var sjølvsagt greit, og dei var kjempeglade for å sjå meg. Foreldra mine har alltid vore så glade og omsorgsfulle når det gjeld meg og bror min. Som barn fekk vi alltid det vi ønska oss, men merkeleg nok klarte de å oppdra oss til å ikkje bli særleg kravstore. Lillebror min var også glad for å sjå meg. Eg så på han at han syns det var litt dumt at eg flytta ut. Eg syns også det var dumt, men er glad for at jeg gjorde det. Ein må jo bli sjølvtendig ein eller annan gong i livet. Dessutan bur vi ikkje så veldig langt unna kvarandre, så det går bra.


Rundt middagsbordet neste dag var det ikkje stille. Alle skravla om alt mogleg som hadde skjedd den siste tida. Eg fortalte at eg hadde vore på besøk hos mormor og morfar. Og at eg hadde sett i gamle fotoalbum. Ansiktet til mor stivna til. Hun spurde kva fotoalbum eg såg i. Eg sa at eg hadde sett i dei som var der, dei med slektningane våre i. Det såg ut som om mor blei letta, og ho fortsatte å spise. Eg syns det var merkelig korleis ho reagerte. Eg spurde om det var noko spesielt, men ho berre rista på hovudet og stirra ned i tallerken sin mens ho åt. Etter det ble det stille rundt bordet. Etter ei lita stund spurde bror min om eg ville bli med ut og spille fotball med han etter mat. Eg lo litt fordi han visste at eg hata fotball, men sa ja for å glede han.